Han kom og gjekk II

(Ei hall i borga. Ei dÞr ut mot borgvernet og ein mÞrk himmel. PÄ scena stÄr borggfrua. Ho har ei kappe med pelskantar og ein svÊr fotsid stakk.)

Frua

SĂ„ kaldt. Det trekker. Vinden hyler utanfor.

I slik ei natt er alle vetter lause.

Og inkje vern mot vondskap finnast.

Der kjem einkvann... SĂ„ bleik han liknar skrĂžmt.

Og jamvel ein eg burde kjenne.. Gloucester?

Gloucester

(Kommer inn fra brystvernet.)

Mi Frue. VĂžrdnad, pli og hĂžvisk framferd

er alt som stoggar sverdet mitt og meg,

men inn, det mÄ og skal eg. GÄ til side

og freist meg ikkje til Ă„ nytta vald.

Frua

Men Gloucester, Kvi sÄ arg og kvifor skulle

vel eg ha planar om Ă„ stogge Dykk?

Kom inn, la ikkje regn og nattevindar

fÄ herje meir med Dykk, og vonde makter

forvirra sinnet Dykkar, arme mann!

Men sei meg fyrst, for gamal venskaps skuld,

ja meir enn venskap var det, har eg tenkt,

sÄ sei meg difor kva De vil og ynskjer av meg.

Kvifor dette sinne, gamle ven?

Gloucester

Mi frue, korkje fagre ord om venskap

hell omsut for min kropp og usle sjel

kan fÄ meg til Ä glÞyme kva eg sÄg.

NĂ„r vinden reiv eit hol i skya nyss

og mÄnen slapp ei einsleg strÄle inn

Frua

De sÄg? Kva har De sett som skulle gjeva

eit grann av rettferd til slikt raseri?

Gloucester

No trekk eg sverdet, flytt deg! Slik, ja.

Eg sÄg, De spyrjer kva slags syn eg sÄg?

Worcester sÄg eg, klart som midt pÄ dagen.

Eg veit, De gĂžymer han ein stad her inne.

SjÄ der, bak gobelenget stÄr han ikkje.

Og ikkje er han under senga heller.

Kor er han lÞynt? Men sjÄ! Ein fot for mykje!

Der sit han under stakken Dykkar, kreket!

Kom ut! Din feige fark! Og ikkje gĂžym

deg mellom kvinnelÄr. SÄ hÞyr. Kom ut.

Du vil slett ikkje? Nei? No er du daud!

(Stikk sverdet ned mellom beina hennar. Ein mann ramlar ut.)

Frua

De trudde det var Worcester? Worcester her?

Det var vel skam om eg sku' lĂžyne honom.

Men den som du har myrda det er Towcester.

Gloucester

Kva er det her? Og kvifor ligg han der?

D'er Towcester berre. Eg tok altsÄ feil.

Men kvifor? Kvifor stogga De meg ikkje?

Frua

Av di det huga meg. Han vert kje sakna.

Gloucester

SÄ falskt eit spel! Eg kan knapt tru pÄ det.

De slakta han! Og eg var kniven Dykkar.

Frua

Ein nyttar redskapen som hĂžver best.

Gloucester

SĂ„ ĂŠrelaust kan berre kvinner handle.

Nei, eg mÄ burt, eg held det ikkje ut.

Eg gÄr pÄ sjÞen. Kan kje leva med det.

Frua

Ja berre flykt, min ven og gÄ pÄ sjÞen.

Om Gloucester flyr til verdas ytste ende

sÄ slepp han jamvel aldri frÄ seg sjÞlv .

(Slutt)


Storkleva 20. november 2013 Tord Akerbæk