12.jan.04 22:50:21 bramati.html

Herr Bima og herr Bramati

Akt for to aktørar

av

Tord Akerbæk

Dei som er med:

Herr Bima: ein pasient.
Herr Bramati: romkameraten hans.

Dokument:

Herr Bima og herr Bramati

bramati.html

12.jan.04 22:50:21

Forfatter:

Tord Akerbæk

Bergensgata 9A 0468 Bjølsen

+47 92228691

http://home.kvalito.no/~akerbaek/drama/

tord.akerbaek@netcom.no

Forlag:

Colombine teaterforlag

Gaffelgränd 1A, 111 30 Stockholm

+46 8-411 70 85

http://www.colombine.se/

info@colombine.se

Historikk:

Fyrste versjon ferdig hausten 1998.

Omsatt til nynorsk våren 2003.

Stykket er innkjøpt av Det norske teatret og uroppført vintersesongen 2003.

A

(Herr Bima og herr Bramati sit eller ligg i kvar si seng eller stol. Dei er båe tilkopla ulike slangar og måleinstrument. Dei oppheld seg på ein høgteknologisk sjukeheim.)

Herr Bima

(Til herr Bramati)

Prov at De er til, herr Bramati.

Herr Bramati

Eg står no her.

Herr Bima

Det er berre teknikalitetar.

Herr Bramati

(Kikar seg under panseret)

Den franske reparatøren sa eg var til.

Herr Bima

Kva meir sa han?

(ivrig)

Gje oss alle detaljane.

Herr Bramati

Han sa eg var til bry.

Herr Bima

Og så?

Herr Bramati

Han sa eg fanst!

Herr Bima

Fanst? Kva da fanst?

Herr Bramati

Han sa eg fanst ikkje vedlikehalden.

Herr Bima

Fanst ikkje. Herr Bramati finst ikkje. Det var det eg sa. Herr Bramati finst ikkje.

B

Herr Bima
Men vesle herr Bramati: kva er det som får deg til å tru at du eksisterer?
Herr Bramati
Dagane går, ein sit her, speler spela sine.
Herr Bima
Men slikt gjer jo alle.
Herr Bramati
Ja?
Herr Bima
Så da treng det ikkje vere deg som gjer det.
Herr Bramati
Nei, i og for seg.
Herr Bima
Høyr her: kven er det som ser deg, lyttar på deg?
Herr Bramati
Eg veit ikkje?
Herr Bima
Kven er det som svarar når du seier god morgon?
Herr Bramati
Svarar nokon?
Herr Bima
Det er jo eg!Det er eg som høyrer på vaset ditt kvar dag!
Herr Bramati
Eg har da personalet.
Herr Bima
Du kan ikkje rekne med personalet!
Herr Bramati
Om eg vil..
Herr Bima
Deler personalet sukkerbitane sine med deg?

Ler personalet av historiene dine?

Herr Bramati

Men det gjer ikkje du heller.

Herr Bima

Eg ville gjort det, hadde dei vore til å le av.

Herr Bramati

Javel, når du seier det så.

Herr Bima

Så korleis kan du påstå at du eksisterer utanfor medvetet mitt? Du kan rett og slett vere noko eg innbiller meg.

C

Herr Bima

Eg søv!

Herr Bramati

Men det er midt på dagen!

Herr Bima

Og kva så?

Herr Bramati

Jau, det er altså dagslys ute.

Herr Bima

Kva veit du om det?

Herr Bramati

Eg går ut i frå at det er dagslys ute.

Herr Bima

Kor da ute?

Herr Bramati

Ute i gatene?

Herr Bima

Kva for gater?

Herr Bramati

Gatene i byen?

Herr Bima

Når var du der sist?

Herr Bramati

Nei, det er lenge sidan, men kvifor skulle noko ha endra seg?

Herr Bima

Og kva for ein by snakkar du om? I kva land ligg den byen?

Herr Bramati

Byen vi bur i. Hovudstaden i landet vårt, som værmannen snakkar om: det er i dag ikkje meldt storm- eller kulingvarsel i landet vårt.

Herr Bima

Landet vårt! På kva planet ligg det?

Herr Bramati

Men herr Bima, da. På planeten her. Den einaste planeten i heile universet som det bur folk på.

Herr Bima

Pføy! Så naiv du er. Tru du meg, Bramati. Det universet er sprengd i fillebitar for lenge sidan.

Herr Bramati

Det visste eg ikkje..

Herr Bima

Tei stille med deg no, og lat meg sove i fred.

D

Herr Bramati

Eg vil komme til orde!

Herr Bima

Nektar nokon deg det?

Herr Bramati

Nei.

Herr Bima

Så kva er det du masar om?

Herr Bramati

Eg vil sleppe til!

Herr Bima

Du slepper alltid til.

Herr Bramati

Gjer eg?

Herr Bima

Til å ha så lite å seie, så snakkar du uhorveleg mykje.

Herr Bramati

Men eg får ikkje sagt det eg vil.

Herr Bima

Er det problemet mitt eller ditt?

Herr Bramati

Det er mitt.

Herr Bima

Så kvifor kjem du til meg med det?

Herr Bramati

Av di det alltid er eg som lyttar og lyttar og så samlar det seg opp ord som ikkje slepp ut så det kjennest som om hovudet skal bli sprengt.

Herr Bima

Jaså.

Herr Bramati

Ja.

Herr Bima

Så hovudet ditt held på å bli sprengt. Det var eit godt bilete, Bramati. Eit vakkert bilete. Eit poetisk bilete. Eg vil gjerne vere til stades når det skjer. Eg gler meg.

Herr Bramati

Når kva skjer?

Herr Bima

Når det vert sprengt. Hovudet hans eksploderer. Pang! Kaboff! Ut tyt alle dei mølletne tankane hans. Sprengt hovud! Alle herr Bramatis skitne, små fantasiar utover interiøret.

E

Herr Bramati

Eg hadde ein gong ein venn.

Vel, "venn" er kan hende for sentimentalt, men ein kamerat hadde eg.

Herr Bima

Kva er det du driv med?

Herr Bramati

Han brukte å sitje i stolen sin her i inne i dette rommet, på andre sida av det vesle bordet. Vi drakk kaffi i saman, såg filmar, delte sukkerbitar og veksla meiningar.

Vi høyrde nyhende frå omverda.

Herr Bima

Hald opp med det der.

Herr Bramati

Rødde om gamle dagar. Diskuterte ting vi kunne hugse frå vi var små.

Telefonar som hang fast i veggen. Fjernsynsapparat. Dyr.

Herr Bima

Slutt seier eg.

Herr Bramati

Ting vi kunne hugse frå vi var unge:

Solskin, private transportmiddel, klokker.

Herr Bima

Slutt opp for faen!

Herr Bramati

Vi var ofte usamde om korleis ting hadde vore.

Vi hadde livlege meiningsutvekslingar.

Kameraten min valde gjerne særs originale synspunkt.

Det var privilegiet hans.

Det var aldri noko nært tilhøve. Likevel kjem eg til å sakne han.

Han heitte "herr Bima".

Han sat i stolen på andre sida av bordet.

Vi delte sukkerbitar.

(pause)

Det er lenge sidan.

Herr Bima

Du trudde du var smart no?

Du trudde du var smart no? Du trudde du var smart no? Du trudde du var smart no?

Du trudde du var smart no? Du trudde du var smart - smart no?

Trudde du var - trudde du var smart - Du trudde du var smart - smart no?

Herr Bramati

Han finst ikkje lenger.

Herr Bima

Eg skal knekkje deg som ei lus, Bramati.

F

(Herr Bima har fått tak på herr Bramatis oksygentilførselslange og blokkert han.)

Herr Bramati

Au!

Herr Bima

Herr Bima er ein hyggeleg mann!

Herr Bramati

Men hald opp med det der.

Herr Bima

Sei: "herr Bima er ein hyggeleg mann".

Herr Bramati

Opne krana, vær så snill.

Herr Bima

Herr Bima er ein eksepsjonelt vennleg mann.

Herr Bramati

Men du kjem til å drepe meg.

Herr Bima

Sei det, elles slår eg knute på slangen.

Herr Bramati

Du er eit hyggeleg menneske, Bima.

Herr Bima

Herr Bima er ein kjernekar.

Herr Bramati

Herr Bima er ein kjernekar.

Herr Bima

Han er intelligent og kjenslevar.

Herr Bramati

Han er intelligent og kjenslevar.

Herr Bima

Han er ein atlet.

Herr Bramati

Hrmf.

Herr Bima

Neivel.

Herr Bramati

Han er ein atlet.

Herr Bima

Han er sosial og omgjengeleg og har mange venner.

Herr Bramati

Han er sosial og omgjengeleg og har mange venner.

Herr Bima

Han kan få så mange kvinnfolk han vil.

Herr Bramati

Han kan få så mange kvinnfolk han vil.

Herr Bima

Takk, herr Bramati, men no smigrar du meg.

Herr Bramati

Å nei da.

Herr Bima

Åjoda.

Herr Bramati

Javelda.

Herr Bima

Herr Bima er et førebilete for ungdommen.

Herr Bramati

Du er eit førbilete for ungdommen.

Herr Bima

Ikkje slik. "Herr Bima er eit førebilete for ungdommen" skal du seie.

Herr Bramati

Herr Bima er eit førebilete for ungdommen.

Herr Bima

Eg var stolt om han kalla meg vennen sin.

Herr Bramati

Eg var stolt om han kalla meg vennen sin.

Herr Bima

Orsak, Bramati, men korfor skulle eg, som du, heilt rett, seier er ein eksepsjonelt vennleg mann, ein kjernekar, sosial og omgjengeleg, intelligent og kjenslevar, ein atlet og kvinnedårar, eit førebilete for ungdommen, være venner med ei lita rotte som deg?

Herr Bramati

Eg veit ikkje?

Herr Bima

Fordi du tiggar meg på dine kne om det, difor, men eg er lei for det: det lèt seg ikkje gjere. Ta manifoilen din og ikkje plag meg meir.

Herr Bramati

Kan eg halde fram no?

Herr Bima

Nei!

G

Herr Bima

Eg skal fortelje korleis det eigentleg var.

Det her var hjørnet mitt. Her mellom gummiplanta og sikringsboksen budde eg.

Åleine. Eg, meg sjølv og nyremaskina. Prosjektørane, satellittkoplinga: livsforlengarane. Meg.

Så sette dei han inn hit.

Eg har betalt for å få tilværet forlenga.

Han kan umogleg ha betalt for noko som helst. Ikkje han. Han har vunne eksistensen sin i eit eller anna lotteri. Ikkje var det plass til han heller. Dei flytta på meg. Trykte meg i hop. Stabla katalysatoren opp på simulatoren. Det var ikkje det eg hadde betalt for.

Sidan har eg vore tvinga til å høyre på han. Høyre på alle dei fordømte lydane som kjem ut av han. Snorkinga og fisinga. Kvifor skal folk med jernlunge og utlagt tarm snorke og fise? Kan nokon seie meg det? Også knirkinga og klynkinga og slurpinga og rapinga og den helvetes mimringa.

Halvgløymde gulp frå ei innhaldslaus fortid.

Han snakkar om fortid. Han har ikkje gjort anna enn å slurpe og klynke seg i gjennom livet.

Eg kunne ha snakka om fortid. Eg vann Grand Slam på Wimbledon 5 gonger på rad.

Herr Bramati

Det var ikkje du. Det var Bjørn Borg.

Herr Bima

Hållschnavlapåræ!

(Pause)

Eg leidde dei ville streikane ved Leninverftet.

Herr Bramati

Det var Lech Walesa.

Herr Bima

Eg dansa over lufteventilane så kjolen bles opp over livet på meg.

Herr Bramati

Marilyn Monroe.

Herr Bima

Eg sigla over Atlanterhavet på ein bunt siv.

Herr Bramati

Thor Heyerdahl.

Herr Bima

Kan hende var eg Thor Heyerdahl? Kanskje var eg Marilyn Monroe og Bjørn Borg? Kva veit du om det? Kva veit nokon om det?

Herr Bramati

Nei, kva veit nokon om det.

Herr Bima

Jan Ove, eg er redd.

Herr Bramati

Eg er også redd, Kristian.

Herr Bima

(Pause)

Herr Bramati er redd. Ha-ha! Herr Bramati er redd. Han er ei klynkande lita rotte.

Herr Bramati

Kan eg halde fram no?

Herr Bima

Nei.

H

Herr Bramati

Dette har eg tenkt.

Herr Bima

Ja, ja.

Herr Bramati

Der står herr Bima.

Herr Bima

Hagesaks.

Herr Bramati

Der står maskineriet hans. Her står eg.

Bortafor meg står gummiplanta. Bortafor gummiplanta har vi 40 cm ope golv.

Herr Bima

Sveisearbeid. Samfunnsånd.

Herr Bramati

Så følgjer ca 120 cm rye.

Herr Bima

Alt etter forteneste.

Herr Bramati

Bortafor rya er døra til korridoren.

Herr Bima

Så?

Herr Bramati

Gjennom den korridoren kom vi inn hit. Ein gong for lenge sidan.

Der ute er det, om ting ikkje har forandra seg, eit vindauge.

Gjennom det vindauget kan ein sjå verda på utsida. Om ho er der framleis. Slik kunne vi få røynt det, ikkje sant? Om vi kom oss ut dit, ville vi sjå om det fanst ein røyndom.

Eller om han er sprengd sund, slik du seier, eller aldri har vore.

I

Herr Bima

Sei meg, herr Bramati, Finst det ei røynd, eller mange?

Herr Bramati

Mange. Sju, trur eg.

Herr Bima

Kvifor sju? Kvifor ikkje åtte?

Herr Bramati

Det er eit tal som er lett å hugse.

Herr Bima

Og korleis er dei ordna?

Herr Bramati

Som ein stabel teppe hos ein teppehandlar. Du brettar opp eit hjørne, så ser du det som er under.

Herr Bima

Nemn dei.

Herr Bramati

Eg veit ikkje om eg hugsar.

Herr Bima

Hugs!

Herr Bramati

Først er det meg sjølv. Kjensla av sakn. Trongen til å gjere frå seg. Lysta etter sukker. Eit inntrykk av å ha gløymt noko. Kløe. Liggesår.

Herr Bima

Ein.

Herr Bramati

Så er det tinga. Kaffikoppen. Sugerøyret. Stolen. Den harde bordkanten som eg slår meg på. Golvet som eg kan sjå når eg lener meg fram. Maten. Personalet. Den franske reparatøren.

Herr Bima

To.

Herr Bramati

Projeksjonane.

Susanne Vega som kjem inn i rommet og held meg i handa. Brødrane Marx som spring på togtaket. Armbandsuret som døyr om eg ikkje matar det. Værmannen som snakkar om landet vårt.

Herr Bima

Tre.

Herr Bramati

Draumane mine. Bestemor som seier ho ikkje er død. Ein togkupé. Minna om jordbæris. Ein fisketur på eit vatn i ein skog.

Herr Bima

Fire.

Herr Bramati

Det som er på utsida av veggane. Under golvet. Det værmannen snakkar om. Personalet sitt pauserom. Familien til den franske reparatøren. Fabrikken som leverte pustemaskina.

Herr Bima

Fem. Hypotetisk.

Herr Bramati

Resonnementa. Orda. Språket. Du seier "vil du ha ein sukkerbit". Eg svarar "ja takk". Så har vi laga ei samtale som liksom vert hengande i lufta.

Herr Bima

Næmmen, det var ein fin liten teppehandel. Pen og ryddig,

Herr Bramati

No er du spydig.

Herr Bima

Og sukkerbiten du svelgde i førgårs? Er det deg, eller ein ting?

Surstoffapparatet som pustar for deg? Høyreapparatet? Motoren som snur deg?

Herr Bramati

Han verkar ikkje uansett?

Herr Bima

Det gjer ikkje resten av deg heller.

Og korleis veit du at værmannen er ein projeksjon, men ikkje personalet?

Herr Bramati

Værmannen rynkar ikkje på nasen.

Herr Bima

Kanskje alt er projeksjonar!

Herr Bramati

Projeksjonane kjem når vi trykker på ein knapp.

Herr Bima

Det gjer personalet òg.

Herr Bramati

Det tek lengre tid.

Herr Bima

Dei somlar, difor er dei?

Herr Bramati

Dei har sitt eige liv.

Herr Bima

Har dei det? Har eg betalt for det?

Forresten har du berre nemnt seks. Du har berre nemnt seks. Sju. Sju sa du det var. Du sa det var sju. Kva er den sjuande?

Herr Bramati

Du.

Herr Bima

Faen ta deg.

J

Herr Bima

Og korleis har du tenkt deg vi skulle komme oss ut i korridoren?

Du har ei lunge som veg syttiseks kilo og ei seng med defekt motor.

Eg har amputert tre lemer. Eg sit i ein korgstol og har periodiske spasmar.

Herr Bramati

Vi må ta med niste.

Herr Bima

Det må vi.

Herr Bramati

Dette er ikkje nokon vanleg søndagstur. Det blir ein lang ekspedisjon. Vi må planlegge og førebu oss.

Først må vi tenke på provianten. Ingen av oss et fast føde lenger, men vi får nok av kaffi.

Herr Bima

Sukkerbitane!

Herr Bramati

Akkurat.

Herr Bima

Vi må samle sukkerbitar.

Herr Bramati

Det var nettopp det eg hadde tenkt.

Herr Bima

Eg veit korleis vi skal løyse proviantproblemet, herr Bramati.

Herr Bramati

Korleis?

Herr Bima

Vi samlar sukkerbitar!

Herr Bramati

Det var ein god idé, herr Bima.

Herr Bima

Vi må klare oss utan sukkerbitar til kaffien i nokre veker til vi har nok proviant til reisa. Det løyser problemet.

Amundsen smelta snø og kokte sjokolade.

Han åt hundane sine.

Nansen skaut isbjørnar.

Amundsen skaut ikkje isbjørnar.

Det er fordi det ikkje er bjørnar i Antarktis.

Difor åt han hundane sine.

Herr Bramati

Så er det væsketilførsla.

Dei gjev oss kaffi og jus.

Men vi treng noko å frakte drikkevarene i.

Det er dumt å blande jus og kaffi.

Om vi stakk til side kaffikoppane etter morgonkaffien?

Åtteogtjue koppar ville kanskje være nok?

Kva trur du?

Herr Bima

Eg trur du skal slutte å vrøvle. Vi nyttar bekkenet. Det er stort og det har god formgjeving. Det er lett å stable. Det skvalpar ikkje over.

Herr Bramati

Bekkenet?

Herr Bima

Bekkenet!

Herr Bramati

Ja, jo. Men bekkenet har òg ei ulempe.

Herr Bima

Kva da?

Herr Bramati

Det luktar urin av det.

Herr Bima

Har du kan hende ein betre idé?

Herr Bramati

Kan hende.

Herr Bima

Har du vorte fin på det, herr Bramati? Plagar lukta av urin deg? Kor viktig er dette prosjektet for deg i grunnen?

Herr Bramati

Slangen på hjulet på den øydelagte rullestolen din. Den franske reparatøren sa det berre var å pumpe det opp. Så sette han deg i korgstolen og sa han skulle gjere det seinare. Det var på våren ein gong.

Herr Bima

Det var på hausten.

Herr Bramati

Våren.

Herr Bima

Hausten.

(Pause. De ser på kvarandre)

Herr Bramati

Sjølvsagt var det om hausten.

Herr Bima

Vi fyller slangen med jus. Det er ein framifrå idé, herr Bramati. Eg skjønar ikkje kor du tar det ifrå.

Herr Bramati

Så har vi kaffi på bekkenet. Vi merkar ikkje noko på smaken likevel.

Herr Bima

Da burde provianteringsoppgåva være løyst så alle er nøgde.

Herr Bramati

Så har vi kleda og resten av utstyret.

Herr Bima

Og korleis har du tenkt deg at vi skal klare å samle sukkerbitar i fleire veker utan at personalet merkar det?

Herr Bramati

Det har eg tenkt på.

Herr Bima

Sukkerbitane var ein dårleg idé, herr Bramati. Om vi ikkje et opp sukkerbitane våre, så samlar personalet dei inn att.

Herr Bramati

Eg har tenkt på det.

Herr Bima

Sjå det i auga, herr Bramati. Det her er for svært for deg. Personalet har full kontroll.

Herr Bramati

Vi må gøyme dei.

Herr Bima

Kor da?

Herr Bramati

Nokon må sitje på dei.

Herr Bima

Kven da?

Herr Bramati

Du!

Herr Bima

Nå! Så det meiner du?

Herr Bramati

Tenk over det.

Herr Bima

Det kan gå.

Herr Bramati

Det er eit sjansespel.

Herr Bima

Det vil krevje sin mann.

Herr Bramati

Risken er høg.

Herr Bima

Eg gjer det. Ved Odin, eg gjer det.

Herr Bramati

Alt vil kvile på deg.

Herr Bima

Eg er klar for ansvaret.

Herr Bramati

Herr Bima er redningsmannen vår.

Herr Bima

Eg akslar børa.

Herr Bramati

Herr Bima er ein helt!

Herr Bima

Han leve!

Begge

Hurra!

K

Herr Bramati

Vi må kle oss godt. Det kan vere kaldt i korridoren.

Vi risikerer å få kaldbrann i fingrar og tær.

Til saman har vi tolv fingrar og fem tær. Dei må vernast godt. Av klede har vi kvar vår nattskjorte og slåbrok. Dessutan eit ullteppe.

Herr Bima

Og ein tøffel.

Herr Bramati

Og ein tøffel. Det er ikkje nok. Eg har tenkt på følgjande åtgjerd:

I skåpet ligg eit forråd av nattbleier. Dei er tjukke og isolerer sjølv om dei blir våte. Vi bør lage kvar vår heildekkande vernedrakt av to lag nattbleier.

Herr Bima

Morfar min gjekk kledd i aviser.

Herr Bramati

Morfar din hadde Aftenposten på rygg og mage som barn. Det var ei anna tid og ein annan skriftkultur.

L

Herr Bima

Du seier ikkje noko.

Herr Bramati

Eg var heime hos meg sjølv i dag.

Herr Bima

Så. Korleis sto det til der?

Herr Bramati

Fint.

Herr Bima

Ja men, det var da bra.

(Pause)

Kanskje vi skal komme oss vidare med ekspedisjonen vår?

Herr Bramati

Det var ikkje fint. Det var ein.. ..ein 404.

(Pinefull pause)

Herr Bima

Eg veit ikkje kva eg skal seie.

Høyr, eg er lei for det. Eg er oppriktig lei. Om det er noko du vil eg skal gjere.

Herr Bramati

Nei, det er ikkje noko å tenkje på. Det måtte hende før eller seinare.

Herr Bima

Den vegen skal vi no alle.

Herr Bramati

Ja.

Herr Bima

Har du lyst til å snakke om ekspedisjonen.

Herr Bramati

Det har inga meining. Det har inga jævla meining. Du hadde rett heile tida. Herr Bramati finst ikkje. Han er ein fantasi i ein sjuk hjerne, det er det han er.

Herr Bima

Eg var på Bahamas i dag.

Herr Bramati

Jaså, korleis sto det til der?

Herr Bima

Som vanleg.

(Pause)

Eg fekk 404 for fleire år sidan.

Herr Bramati

Du? Kvifor det?

Herr Bima

Dei vanlege grunnane. Dårleg vedlikehald. Følgde ikkje med på omstruktureringane. Også var det ei vesentleg sak.

Herr Bramati

Og det var?

Herr Bima

Eg hadde ikkje gjort opp for meg.

M

Herr Bima

Korleis har du tenkt deg framdrifta?

Herr Bramati

La oss sjå kva alternativ vi har:

Ei seng med defekt motor.

Ein punktert rullestol.

Ein korgstol.

Eitt par krykkjer.

Eitt halvt bein.

Herr Bima

Det er ikkje stort.

Herr Bramati

Det er nok. Len deg til venstre.

Herr Bima

Kvifor det?

Herr Bramati

Berre gjer det.

Herr Bima

Sånn.

Herr Bramati

Og så framover.

Herr Bima

Kva skal dette vere godt for?

Herr Bramati

Berre gjer som eg seier.

Herr Bima

Vil du ha meg til å dette på golvet?

Herr Bramati

Gjer som eg seier og ikkje vær mistenksam.

Herr Bima

Eg er ikkje mistenksam.

Herr Bramati

Len deg framover.

Herr Bima

Eg lener meg framover.

Herr Bramati

Lengre.

Herr Bima

No tør eg ikkje lengre.

Herr Bramati

Så svingar du attende mot høgre.

Herr Bima

Eg svingar attende mot høgre.

Kva er det her? Morgongymnastikk?

Herr Bramati

No har du og stolen flytta dykk tre millimeter i retning av døra.

Herr Bima

Har vi?

Herr Bramati

Ja visst.

Herr Bima

Lat meg freiste ein gong til.

Herr Bramati

Frå deg til døra er det omlag trehundreognitti centimeter.

Herr Bima

Framover, nei, korleis var det, til venstre..

Herr Bramati

Du bruker tretti sekund på å vippe stolen tre millimeter fram.

Herr Bima

Også framover, og så rulle bak til høgre.

Herr Bramati

Det gjev ein fart på seks millimeter i minuttet, eller null komma trettiseks meter pr time.

Herr Bima

Det verkar!

Herr Bramati

Om vi legg inn ti minutt til rast kvar time, vil du trenge tretten timar på å nå døra.

Herr Bima

Eg er mobil!

Herr Bramati

Du må ta meg og maskineriet på slep.

Herr Bima

Sjå, herr Bramati, eg kan flytte meg!

Herr Bramati

Det vil halvere farten.

Vi bør sove åtte timar kvar natt og halde oss i ro under morgonstell, mat- og kaffipausar.

Herr Bima

(syng)Jeg kan også marsjere..taram - taram - taram - taram - taram - tam - tam -tam - ta.

Herr Bramati

Med ei reisetid på ti timar kvar dag, bør vi nå døra i løpet av tre døger. La oss rekne like lang tid frå døra til vindauget. Det blir seks døger til målet.

Herr Bima

Herr Bramati! Vi er på veg!

Vi er uslåelege!

Herr Bramati

Ja, vi er på veg.

Herr Bima
Her kommer guttemusikken, hurra guttemusikken!

N

Herr Bramati

God morgon.

Herr Bima

God morgon ja!

Herr Bramati

Er noko gale?

Herr Bima

Er noko gale?

Herr Bramati

Eg veit ikkje?

Herr Bima

Nei, kva skulle være gale?

Herr Bramati

Nei, kva skulle være gale?

Herr Bima

God morgon!

Herr Bramati

God morgon?

Herr Bima

Det er ein god morgon, er det ikkje?

Herr Bramati

Ja visst. Etter forholda.

Herr Bima

Etter forholda, ja. Ein etter forholda strålande morgon, tenkjer eg vi seier. Alle forsyningsproblem, transportproblem og logistikkproblem er løyste. Sanninga ventar på oss, berre nokre usle timar unna.

Kva skulle vere gale?

Herr Bramati

Nei, eg veit altså ikkje?

Herr Bima

Nei, det veit han ikkje. Vil han at eg skal fortelje han det?

Herr Bramati

Ja.

Herr Bima

Nokon har ete av sukkerbitane.

Herr Bramati

Kva er det du seier?

Herr Bima

Nokon har forsynt seg av proviantlageret på eiga hand. Det er det som er gale.

Herr Bramati

Er du sikker?

Herr Bima

Visst faen er eg sikker. Trur du ikkje eg har oversikt?

Herr Bramati

Har du talt dei?

Herr Bima

Har eg talt dei?

Det er klart eg har talt dei. I går talde eg nitten blåkvite forpakningar som kvar inneheldt to sukkerbitar av merket "Dansukker".

I dag er det seksten att. Tre er borte!

Herr Bramati

Du store!

Herr Bima

Ikkje ein eller eit par, men tre gonger to sukkerbitar er forsvunne.

Seks sukkerbitar har nokon fråtsa i seg i løpet av natta.

Herr Bramati

Men kven?

Herr Bima

Ja kven? Det vert det store spørsmålet. Kven har fråtsa i vårt møysommeleg oppbygde proviantlager?

Skal eg gje deg svaret, herr Bramati?

Herr Bramati

Veit du kven?

Herr Bima

Ein tjuv. Det er svaret. Ein frekk og uhemma tjuv.

Herr Bramati

Men kven er han?

Herr Bima

Ein tenkjer sitt.

Herr Bramati

Det må ein.

Herr Bima

Det er to av oss her inne.

Og det var ikkje meg.

To minus ein, det er ein det, herr Bramati.

Herr Bramati

Du meiner vel ikkje..

Herr Bima

Herr å-så-stakkarslege-eg-kjem-ikkje-til-orde-men-eg-har-ein-stor-plan-vi- skal-reise-ut-i-korridoren-for-å-sjå-om-verda-framleis-er-der-difor-må-vi- samle-sukkerbitar-Bramati.

Herr Bramati

Du trur vel ikkje det var meg?

Herr Bima

Kven elles?

Herr Bramati

Du!

Det er du som har sete på dei. Du har hatt alle slags høve.

Herr Bima

Det er det frekkaste.

Først stel han sukkerbitar og så gjev han meg skulda.

Skurken eig ikkje skam!

Herr Bramati

Du skal ikkje kalle meg skurk.

Herr Bima

Skurk!

Herr Bramati

Ikkje kall meg skurk, seier eg.

Herr Bima

Skurk, skurk, skurk!

Herr Bramati

Skurk sjølv!

Herr Bima

Hå! Snylteplante er du. Undermålar.

Herr Bramati

Og du er ein arrogant bølle.

Herr Bima

Tjuv!

Herr Bramati

Tåpe.

Herr Bima

Fyllik! Sosialhjelpsmottakar.

Herr Bramati

Dumming. Du er dum!

Herr Bima

Det er du som er dum. Dum, dum, dum!

O

Herr Bramati

Kva gjer vi no?

Herr Bima

Veit ikkje. Sit her. Ventar på unnsetning.

Herr Bramati

Vi kunne halde fram.

Herr Bima

Ord har falle.

Herr Bramati

Det er ikkje alt som fell ein treng å plukke opp.

Herr Bima

Brotsverket lèt seg ikkje gjere ugjort.

Herr Bramati

Misferda lèt seg ikkje gjere ugjort.

Misferdaren er blant oss. Vi veit båe kven han er. Han kjenner sjølv til skylda si. Det er han som må leve med ho.

Det hindrar oss ikkje frå å halde fram.

Herr Bima

Ikkje?

Herr Bramati

Om vi rasjonerer strengt har vi nok proviant til å nå målet.

Herr Bima

Talar du om tilgjeving?

Herr Bramati

Nei, eg talar om å halde fram.

Herr Bima

Det går ikkje.

Herr Bramati

Kvifor ikkje?

Herr Bima

For at da eg oppdaga at tre forpakningar var vekke, så vart eg så - så indignert at eg - eg tenkte at da kan vel eg òg - så eg åt - åt litt.

Herr Bramati

Kor mange?

Herr Bima

Sju.

Herr Bramati

Sju sukkerbitar!

Herr Bima

Nei, sju forpakningar. Fjorten sukkerbitar.

Herr Bramati

(Lang pause)

Eg manglar ord.

P

Herr Bima

Seksten - atten - tjue.

Sjå her, herr Bramati.

Tjue forpakningar med i alt førti sukkerbitar.

(Ingen reaksjon)

Da er vi klare til å reise igjen.

(..)

Kanskje du skal vakte provianten denne gongen?

(..)

Det beste er nok å fordele lageret. Ti til kvar.

(..)

Neivel, berre furt du.

Tida er gått i stå, tilværet går i oppløysing. Universet rasar mot undergangen og herr Bramati furtar.

Han furtar, difor er han.

(..)

Om vi ikkje skal reise, så kan vi jo like gjerne ete opp provianten med det same.

Herr Bima, den einaste gjenverande eksistensen i universet, mønstrar si eiga projiserte innbilling, herr Bramati, furtande i ei seng, medan han, herr Bima, pakkar opp ein sukkerbit.

Herr Bramati

Ligg unna provianten.

Herr Bima

Yessir!

Q

Herr Bima

12. september. År ukjent. Moglegvis ein torsdag.

Kjære ukjende lesar.

Eg postlegg denne meldinga, usikker på om ho nokon gong vert lesen, og av kven.

Saman med den trufaste følgjesveinen min, herr Bramati, har eg gjeve meg ut på ei ferd ingen kan sjå slutten på. Ei reise som i fandenivaldsk vågemot ikkje står attende for noko som er gjort tidlegare av menn som herr Nordenskiöld, herr Nansen eller herr Eiriksson, - ei ferd som har til mål ikkje noko mindre enn å løyse universet si innste gåte.

Det har vore naudsynt å halde ekspedisjonen strengt hemmeleg. Dei sanningane han kunne la komme for ein dag, ville totalt endre verdsbiletet vårt.

Leiande krinsar fryktar for det sanningslyset ekspedisjonen vil kaste over viktige sider ved tilveret.

Mest om å gjere er det at ikkje personalet oppdagar framstøytane våre.

Eg har studert personalet inngåande i fleire år. Som fluger har dei fasettauge og er svært drivne i å registrere rørsler.

Men berre raske rørsler, som at nokon dett ned frå stolen sin eller at eit glas vert velta.

Vi byggjer tryggleiken vår på eigen treigleik.

Umerkelege glid farkostane våre mot det ukjende.

Eg vedgår at eg fryktar sjølv for det som kan komme.

Her og no ville eg helst ha avlyst ekspedisjonen og valt tryggleiken. Men loddet er kasta.

Det er ingen veg attende.

Vørdsamt,

i teneste for sanninga,

Bima.

Så rullar eg det i hop og stikk det i flaska. Kva no?

Herr Bramati

Så legg du flaska på bordet så ettermiddagsvakta kan poste henne når ho har gått runden sin.

R

Herr Bima

Så kjem vi til døra.

Herr Bramati

Ja.

Herr Bima

Ja!

Herr Bramati

Ja?

Herr Bima

Ja?! Korleis klarer du det!

Herr Bramati

Ho er jo open.

Herr Bima

Er ho open?

Herr Bramati

Sjølvsagt er ho open.

Herr Bima

Sjølvsagt er ho open. Det veit vel eg òg, men dørstokken, kva gjer vi med dørstokken.

Herr Bramati

Det hadde eg ikkje tenkt på.

Herr Bima

Det er ein dørstokk i døropninga, herr Bramati.

Har du tenkt på det?

Herr Bramati

Det tenkte eg ikkje på.

Herr Bima

Har du tenkt på at det er ein dørstokk i døropninga, herr Bramati.

Nei, det har du nok ikkje.

Herr Bramati

Eg tenkte ikkje på at det kunne vere ein dørstokk.

Herr Bima

I døropningar er det ofte dørstokkar.

Særleg i institusjonar som denne, som er handikaptilpassa.

For at ikkje dei handikappa skal gje seg ut på vandring i gåstolane sine, eller rulle sin veg i rullestolane, så har ein høge fysiske hinder, slik at ikkje dei einbeinte skal hinke seg bort eller dei meinlause beinlause skal rulle på vift i verda på utsida som vi i alle fall veit ikkje er der, men bli verande her inne, på innsida av dørstokkane.

Herr Bramati

Det er nok best vi snur.

Herr Bima

Kva?

Herr Bramati

Vi må nok snu da.

Herr Bima

Snu no? Når vi har komme så langt! Kvifor det?

Herr Bramati

På grunn av dørstokken.

Herr Bima

Pingle!

S

(Dei berre sit der. Utan eit ord.)

T

Herr Bima

Kva følgjer etter håpløysa?

Begge

Etter håpløysa følgjer fortvilinga.

Herr Bima

Kva følgjer etter fortvilinga?

Begge

Etter fortvilinga følgjer apatien.

Herr Bima

Kva følgjer etter apatien?

Begge

Etter apatien følgjer desperasjonen.

Av desperasjonen veks handlinga.

Herr Bima

Kor har dei reisande reist?

Begge

Dei reisande har reist gjennom håpløysa.

Dei reisande har reist gjennom fortvilinga.

Dei reisande har reist gjennom apatien.

Dei reisande har reist gjennom desperasjonen.

Dei reisande har nådd fram til handlinga.

Dei reisande vil trø inn i det ukjende.

Herr Bima

Korleis kryssar dei reisande terskelen til det ukjende?

Herr Bramati

Dei byggjer ei rampe.

Begge

På ei rampe kryssar dei reisande terskelen til det ukjende.

Herr Bima

Av kva byggjer dei reisande rampa som fører dei til det ukjende?

Herr Bramati

Dei byggjer henne av sukkerbitar.

Begge

Av sukkerbitar byggjer dei reisande rampa som fører dei til det ukjende.

Slik kuttar dei livlina.

Slik forsakar dei alt håp om å vende tilbake.

Herr Bramati

Kven er vismannen som leier arbeidet?

Begge

Herr Bramati er vismannen som leier arbeidet.

Herr Bima

Kven er kjempa som legg stein på stein?

Begge

Herr Bima er kjempa som legg stein på stein.

Av åtteogtretti blåkvite forpakningar med merket "Dansukker" byggjer dei rampa til det ukjende.

På åtteogtretti blåkvite forpakningar av merket "Dansukker" køyrer dei inn i det ukjende.

Etter seg dreg dei dei blytunge innvollane sine.

Under seg høyrer dei lyden av knuste polysakkaridar.

Framfor seg skyv dei uvissa.

Slik møter dei mørkret.

Slik omfamnar dei eventyret.

U

Herr Bima

Korleis ser korridoren ut?

Herr Bramati

Du har sjølv vore der.

Herr Bima

Det er så lenge sidan.

Du kom etter meg.

Herr Bramati

Korridoren er blå eller grøn eller grønblå eller blågrøn.

Taket har ein mørkare let enn veggene. På golvet er det måla ei gul stripe.

Korridoren er lang. Av alt som er langt, men likevel endeleg, trur eg korridoren er det lengste.

I den eine enden av korridoren er eit stort ope rom i lyse fargar. Det er resepsjonen. Der vi kom inn. Dit er det uoverkommeleg langt. Dit har vi ikkje noko håp om å nå. Langs korridoren er det dører. Dei fører inn til rom som vårt, og til andre rom: personalet sitt pauserom, reservedelslageret. Så er det toaletta og verkstadene til dei utanlandske reparatørane.

Herr Bima

Korleis veit du alt dette?

Herr Bramati

I den første tida vart eg nokre gonger tatt med på toalettet.

Herr Bima

Kvifor det?

Herr Bramati

For å spare deg, trur eg.

I taket heng lysstoffrøyr. Mange av desse har slutta å verke. Nokre stader er korridoren heilt mørklagt, bortsett frå det grøne skjæret frå naudutgangsskilta. Mørkast er det i enden av korridoren. Lengst frå resepsjonen. Det er der vindauget er.

Herr Bima

Kvifor er det mørkast der vindauget er, herr Bramati? Kvifor er det mørkt når det er eit vindauge? Det er et vindauge, kvifor er det mørkt da? Eit vindauge, og så er det mørkt?

Herr Bramati

Av di det er natt.

Herr Bima

Å.

Herr Bramati

I korridoren høyrer du alltid lyden av klaprande tretøflar. Klaprande solar som korkje kjem eller forsvinn, berre klaprar. Og heile tida eit lågt surr av røyster.

Herr Bima

Prov at De er til, herr Bramati.

Herr Bramati

Eg står no her.

Herr Bima

Det er berre teknikalitetar.

Herr Bramati

Eg vil komme til orde.

Herr Bima

Er vi ferdige no?

Herr Bramati

Du trudde du var smart no?

Herr Bima

Han finst ikkje meir.

Herr Bramati

Og suset frå toaletta, heile tida, høyr! Det susar i røyra.

Herr Bima

Er det kaldt i korridoren?

Herr Bramati

21\xfb C.

Herr Bima

Er vi heilt åleine?

Herr Bramati

Det er folketomt. Bortsett frå oss.

Herr Bima

Er du sikker?

Herr Bramati

(svarar ikkje)

Herr Bima

Er du sikker, spør eg?

Herr Bramati

Det bør ikkje vere nokon der. Ikkje no.

Herr Bima

Bør ikkje? Han seier "bør ikkje". Han sender oss hovudstups og hjelpeslause ut i korridoren og så seier han "bør ikkje vere nokon der".

Herr Bramati

Eg kjenner noko.

Herr Bima

Han kjenner noko.

Herr Bramati

Eg sansar eit nærvær.

Herr Bima

Nokon er der.

Herr Bramati

Eller noko.

Herr Bima

Vi må komme oss bort.

Herr Bramati

Vi må halde oss rolege.

Herr Bima

Noko er der. Noko er der, seier han.

Herr Bramati

Vi må stå heilt roleg. Så urørleg at det ikkje registrerer oss.

Herr Bima

Det kjem nærare.

Herr Bramati

Det verar. Det har kjent angen av oss.

Herr Bima

Det er like ved. No snur det seg.

Herr Bramati

Det òg merkar eit nærvær.

Herr Bima

Oss!

Herr Bramati

Det spilar ut nasebora.

Herr Bima

Opnar gapet.

Herr Bramati

Smakar med tunga på luftdraget.

Herr Bima

Det flekker tenner.

Herr Bramati

Kveser håst.

Herr Bima

Ei dobbel rad skarpe haitenner og mellom dei eit nytt gap og eit nytt. Tanngard bak tanngard og ei tunge som strekker seg fram og ho òg sprekk i eit gap som opnar seg og blottar nye tenner og nye gap og rennande sikl og raudt betent tannkjøt og tenner og tenner og tenner..

Herr Bramati

Det er den franske reparatøren.

Herr Bima

Han oppdagar oss.

Herr Bramati

Han kjenner oss igjen.

Herr Bima

Han kjem mot oss. Han kjem mot meg.

Herr Bramati

Han grip fatt i deg.

Herr Bima

Han lyftar meg opp.

Herr Bramati

Han ber deg attende til kroken din, ved sida av gummiplanta og det vesle bordet.

Herr Bima

Tusen takk. Tusen takk. Tusen takk.

Herr Bramati

Så hentar han meg og maskineriet. Han går over alle leidningane, sjekkar oksygenslangen, festar ADSL-pluggen.

Herr Bima

Unnskyld. Det var ikkje meininga.

Herr Bramati

Han merkar at det knaser under føtene. Han hentar feiebrett og kost og sopar opp sukkeret.

Han set brett og kost på plass. Han rettar på puta di.

Herr Bima

Takk, takk. Tusen takk. Vil ikkje vere til bry.

Herr Bramati

Han ristar på hovudet.

Herr Bima

Takk.

Herr Bramati

Han sløkkjer lyset og går.

Herr Bima

Vær så snill.

Herr Bramati

Han låser døra.

Herr Bima

Da er vi fortapt.

Herr Bramati

Det er berre ein utveg.

Herr Bima

Og kva slags utveg er det? Kva slags utveg da, vesle herr Bramati? Vesle herr veit-alt-har-svar-på-alt-trur-han-er-noko-Bramati?

Trur han er noko. Trur han er noko. Trur han er.

Herr Bramati

Vi må drepe han.

V

Herr Bima

Vi kan grave oss ut.

Herr Bramati

Det er ein god idé.

Herr Bima

Vi tar bort ei flis av golvteppet. Bak gummipalma. Så grev vi med ei teskei. Det er betong under teppet. Den er mogleg å trenge igjennom. Sementen smuldrar vi opp og smuglar ut. I kaffikoppane. Ei teskei betong dekka av kaffi. Ingen merkar det.

Herr Bramati

Ingen merkar det.

Herr Bima

Kvifor heiter det teskei når dei vert brukte i kaffikoppar?

Herr Bramati

Det er ein god idé.

Herr Bima

Vi let som om vi er døde.

Herr Bramati

Det er også ein god idé.

Herr Bima

Du let som om du er død. Dei legg deg i ein plastsekk med glidelås. Eg opnar sekken, tek ut liket og legg meg sjølv i sekken. Dei hentar sekken og kastar han i havet. Eg skjer meg ut med teskeia og sym til land. Så samlar eg rebellane, angrip borga og frir deg ut.

Herr Bramati

Det er ein strålande idé.

Herr Bima

Ei av flisene over vasken er laus. Vi tar henne bort. Bak finn vi ei skjult fjør. Vi trykker på henne og ei dør opnar seg. Bak døra er ein løyndegang. Han fører til eit hemmeleg rom bak dronninga sitt sovekammer. Der overhøyrer vi konspiratorane planleggje eit komplott mot kongen. Vi røper komplottet, vert adla og sette fri.

Herr Bramati

Det er ein veldig god idé.

Herr Bima

Vi forkler oss. Vi nyttar papirlommetørkle. Av dei syr vi ei nonnedrakt. Vi kler oss ut som nonner og går ut etter morgonandakten medan vi syng og tel på rosenkransane våre.

Herr Bramati

Det òg.

Herr Bima

Vi seier til domaren at vi vart lurte av mafiaen. At vi i røynda er heilt uskuldige. Vi tilbyr oss å sette opp ei felle for forbrytarane. Med mikrofonar på kroppen avtaler vi eit møte med triadane på ein liten skitten Hong Kong-restaurant. Så rømmer vi gjennom bakdøra og forsvinn i Sentral-Asia.

Herr Bramati

Det..

Herr Bima

Du passerer uskuldig forbi. Eg tar deg som gissel. Eg krev ti millionar dollar og eit flukthelikopter. Så hoppar vi ut over Amazonas og lever blant indianarane.

Herr Bramati

Det er ein god idé.

Herr Bima

Det let seg gjennomføre.

Herr Bramati

Det let seg gjennomføre til punkt og prikke.

Herr Bima

Men det er ikkje godt nok, er det vel?

Herr Bramati

Prov at De er til, herr Bima.

W

Herr Bima

Vi må altså drepe den franske reparatøren.

Herr Bramati

Det må vi.

Herr Bima

(Fniser)

Men det er da forbode.

Herr Bramati

Sjå det slik:

Når vi går sund, gjer reparatøren oss i stand, anten vi vil eller ikkje.

No gjer vi det same med reparatøren, berre motsett.

Vi gjer han sund. Er det eine verre enn det andre?

Herr Bima

Er påtvinga ikkje-eksistens verre enn påtvinga eksistens?

Herr Bramati

Nettopp.

Herr Bima

Det er et djupt spørsmål.

Herr Bramati

Ja, ikkje sant?

Herr Bima

Det er ikkje slik. Slik er det: Sidan vi ikkje veit om vi eksisterer eller ikkje eksisterer, og ikkje den franske reparatøren heller, vert spørsmålet: "Kva er verst av å vere påtvinga ein tilstand av uvisse om eksistens eller ikkje-eksistens og ei påtvinga terminering av den same tilstanden?".

Herr Bramati

Noko sånt.

Herr Bima

Eg skulle gjerne hatt ein sukkerbit.

Herr Bramati

Eg òg.

Herr Bima

Lat oss ta livet av han.

X

Herr Bramati

Vi er tilbake i korridoren. Det er halvmørkt. Vi merkar eit nærvær. Denne gongen er vi budde.

Herr Bima

Han kjem mot oss.

Herr Bramati

Han snuser.

Herr Bima

Han kveser.

Herr Bramati

Han snur seg.

Herr Bima

Han gapar.

Herr Bramati

Han får sjå deg.

Herr Bima

Eg er budd.

Herr Bramati

Du bøyer deg varleg fram.

Herr Bima

Så langt eg torer. Han skjønar ikkje kva eg vil. Trur kanhende eg er sjuk.

Herr Bramati

Han kjem mot deg. Er du klar?

Herr Bima

Eg er budd seier eg. Ligg unna. Dette klarer eg.

Herr Bramati

Du fell ut av stolen.

Herr Bima

Eg fell ut av stolen. Det venta han ikkje. Han held fram - mistar balansen - eg landar på beina hans - så stupar han over meg - tek seg for.

Så er det din tur.

Herr Bramati

Han trevar i lufta etter noko å halde seg i. Får fatt i meg. Dreg meg med seg.

Herr Bima

Han slår eine ålbogen i golvet. Ynkar seg.

Herr Bramati

Eg sklir ut av senga.

Herr Bima

Han får andletet klemt inn i korsryggen min.

Herr Bramati

Eg landar oppå han. Landar over hovudet hans. Eg er tung. Eg er så tung, så tung.

Herr Bima

Vi pressar han i mellom oss.

Herr Bramati

Han får ikkje puste.

Herr Bima

Han freistar komme laus.

Herr Bramati

Eg er for tung. Eg kan ikkje lee meg, veit du. Kan ikkje lee meg av flekken.

Herr Bima

Han vil rope på hjelp.

Herr Bramati

Lyden når ikkje fram.

Herr Bima

Han kavar.

Herr Bramati

Han er ute og sym i eit stort hav.

Herr Bima

Men han kan ikkje symje.

Herr Bramati

Så då druknar han. Druknar i det daude feitet mitt.

Herr Bima

Han sprellar.

Herr Bramati

Eg kjenner pulsen hans banke vilt.

Herr Bima

Tel du slaga?

Herr Bramati

Telj du.

Herr Bima

Pulsen går langsamare.

Herr Bramati

Han stansar.

Herr Bima

Han sprellar ikkje lenger.

Herr Bramati

Verda kverv bort for han.

Herr Bima

Alt vert mjukt og mørkt og tagalt.

Herr Bramati

No registrerer han ikkje kva som hender lenger.

Herr Bima

Det rykker i han ein siste gong.

Herr Bramati

No ligg han heilt stille.

Herr Bima

Han er død.

Herr Bramati

Vi har drepe han.

Herr Bima

Eg må visst spy.

Herr Bramati

Sjå på andletet hans. Så overraska. Han er ikkje til lenger.

Herr Bima

Det luktar bæsj her.

Herr Bramati

Han gjorde på seg.

Det er heilt vanleg, det.

Herr Bima

Kva har vi gjort. Kva har vi gjort.

Herr Bramati

No er vi drapsmenn.

Herr Bima

Vi er stempla for resten av livet.

Herr Bramati

Ingenting kan stanse oss no.

Y

Herr Bima

Så sit vi her.

Herr Bramati

Så sit vi her.

Herr Bima

Så står vi her.

Herr Bramati

Så står vi her.

Herr Bima

Dei to reisande har nådd fram til siste etappen av reisa.

Herr Bramati

Den lange ørkenvandringa.

Herr Bima

Svolten.

Herr Bramati

Dei siste vatnreservane.

Herr Bima

Luftspeglingane.

Herr Bramati

Korleis går samtalen?

Herr Bima

I einstavingsord og stutte setningar.

Herr Bramati

Det er varmt her.

Herr Bima

Og tørt.

Herr Bramati

Ein tørr fønvind frå friskluftanlegget.

Herr Bima

Defekt, det òg.

Herr Bramati

Feiljustert.

Herr Bima

Kva ser du?

Herr Bramati

Eg ser palmar.

Herr Bima

Gjev meg vassflaska.

Herr Bramati

Nei.

Herr Bima

Kvifor ikkje?

Herr Bramati

Vi må spare.

Herr Bima

Eg reiste ein gong gjennom Gobi. Overalt så eg spor av vatn. Fingertjukke renner i sanden. Bekkefar som rann saman til elvar. Konsentriske ringar i hard leire. Størkna dropar. Utraste elvebreidder. Demningar. Reservoar.

Men ikkje vatn.

Vatn så eg ikkje.

Herr Bramati

Det kan ikkje vere palmar.

Herr Bima

Ser du bilen? Midt i ørkenen køyrer den grøne bilen.

Herr Bramati
"Probably the best beer in the world".
Herr Bima

"Truleg den einaste brusen som ikkje hjelper mot anna enn tørsten".

Herr Bramati

Eg ser herr Bima springe mot palmane.

Herr Bima

Palmane som ikkje er der.

Herr Bramati

Eg ser han springe mellom palmane.

Kamelane let seg ikkje merkje med han. Han spring tvers i gjennom dei.

Han kastar seg i vatnet med kleda på. Han stuper ut i det klåre vatnet.

Nomadekvinnene klukkler.

Han treffer golvet.

Han ligg på golvet i korridoren.

Det trekkjer.

Herr Bima

Har vi ikkje kome lenger?

Herr Bramati

I sanden finn vi nakne bein.

Herr Bima

Kvite sandblåste knoklar.

Herr Bramati

Restane av ulukkelege ferdafolk.

Herr Bima

Kanskje oss sjølve. Etter ei æve finn vi restane av oss sjølve i ørkensanden?

Herr Bramati

Så langt kom vi.

Herr Bima

Eg kjenner den skallen. Eg kjenner han igjen på forma. På den høge panna og den vakre nasen.

Herr Bramati

Det er den franske reparatøren.

Herr Bima

Da har vi gått i ring. Kor lenge har vi gått i ring?

Herr Bramati

Villdyra har ete av han. Beina er smuldra bort.

Herr Bima

Da må vi ha gått i fleire hundreår. Gjev meg vassflaska.

Herr Bramati

Ho er tom.

Herr Bima

Var det heile ein draum?

Herr Bramati

Oasen.

Herr Bima

Beduinane.

Herr Bramati

Sjeiken.

Herr Bima

Dansen med dei sju sløra.

Herr Bramati

Torturen.

Herr Bima

Den døde fangevaktaren.

Herr Bramati

Liket er ekte nok.

Herr Bima

Det er ennå varmt.

Herr Bramati

Og vassflaska er verkeleg tom.

Herr Bima

Kven av oss er kven? Ingenting verkar ekte her ute. Alt er noko anna.

Herr Bramati

Vi må komme oss gjennom.

Herr Bima

Vi må komme oss til den andre sida.

Herr Bramati

Vi treng noko å navigere etter. Ei fyrlykt eller ei stjerne.

Herr Bima

Kva er det som blenkjer langt der framme, som ei stjerne?

Herr Bramati

Det er vindauget i enden av korridoren. Dit skal vi.

Herr Bima

Kva er det som skin langt der framme, som ein måne?

Herr Bramati

Det er vindauget i enden av korridoren. Dit skal vi.

Herr Bima

Kva er det som lyser der framme, som ei sol?

Herr Bramati

Det er vindauget i enden av korridoren. Da er vi framme.

Herr Bima

Er vi framme?

Herr Bramati

Så godt som.

Herr Bima

Er vi verkeleg framme da, herr Bramati, når vindauget skin som ei sol?

Herr Bramati

Ingenting kan stanse oss no.

Z

Herr Bima

"Ingenting kan stanse oss no"

Herr Bramati

Ingenting!

Herr Bima

"Ingenting"

Herr Bramati

Nei.

Herr Bima

"Nei".

Herr Bramati

Kvifor tar du opp att alt eg seier?

Herr Bima

Av di eg er ein etterplaprar.

Herr Bramati

Kva skal det tyde?

Herr Bima

Eg gjer som du seier. Eg går med på alt du finn på. Du knipsar, så stuper eg kråke.

Herr Bramati

Stuper du kråke?

Herr Bima

Det var det du trudde, ikkje sant? Du trudde du hadde kontrollen.

Du trudde du kunne bruke meg som ein dressert puddel. Ein trekkhund!

Herr Bramati er smart. Herr Bramati har dei beste ideane. Alt skal gjerast slik herr Bramatis vil. Alle skal innordne seg og leike leikane til herr Bramati.

Herr Bramati

Men kjære herr Bima.

Herr Bima

Knips, du er eit trekkdyr! Knips, du er ein mordar! Knips, du samlar sukkerbitar.

Herr Bramati

Vi kan godt gjere ting annleis om du vil..

Herr Bima

Og kor er så eg i menasjeriet ditt? Kor er eg blant alle brubyggarane, tempelslavane og leigesoldatane dine? Kan du seie meg det?

Herr Bramati

Du er kameraten min.

Herr Bima

Nei, du kan ikkje seie meg det. Du skal ikkje få snakka meg rundt, din ordkløyvar, din manipulator, din.. din.. di sleipe tunge.

Herr Bramati

Snille deg.

Herr Bima

Sleipe tunge. Sleipe tunge.

Herr Bramati

Herr Bima!

Herr Bima

Sleipe tunge!

Herr Bramati

Nei-nei.

Herr Bima

Men eg skal seie deg det at du har ikkje lurt meg for det er eg som har lurt deg.

Nemleg!

Herr Bramati

Har du lurt meg, herr Bima?

Herr Bima

Eg har berre låst som eg har vore med på planane dine. Eg har spela medsamansvoren, men i løynd har eg planlagt og venta på den rette augneblinken.

Ingenting kan stanse oss no?

Herr Bramati

Ingenting kan stanse oss no.

Herr Bima

Å jau da, herr Bramati. Eg kan stanse oss no.

Æ

Herr Bramati

Så stans oss da.

Herr Bima

Eg kan stanse oss.

Herr Bramati

Så stans oss.

Herr Bima

Kva for noko?

Herr Bramati

Stans oss om du kan.

Herr Bima

Og forresten, det var eg som stal sukkerbitane.

Herr Bramati

Det veit eg.

Herr Bima

Det hadde du ikkje trudd det? Det hadde du aldri trudd. Det var eg heile tida. Det var eg som stal dei. Stal sukkerbitane. Og heldt maska. Eg lurte alle.

Herr Bramati

Det skjønte eg heile tida.

Herr Bima

Det hadde du aldri trudd. Herr Bima, meistertjuven, mannen som aldri etterlet seg eit spor.

Herr Bramati

Eg skjønte det.

Herr Bima

Eg er ein tjuv, seier eg.

Herr Bramati

Ja, du er ein tjuv.

Herr Bima

Ikkje sei meg i mot.

Eg er ein tjuv. Ein ulv i saueham. Som snik seg inn i heimane til godtfolk. Set fingermerke på dørkarmane. Lagar skrukker i teppa. I mørkret. Og ingen anar.

Herr Bramati

Det veit eg.

Herr Bima

Hald munn! Eg er ein tjuv, seier eg. Det var eg som stal sukkeret.

Herr Bramati

Eg veit.

Herr Bima

Det merka du aldri. Å nei. Slik går ikkje føre seg i verda di. I den tronge solskinnsverda til Bramati. For der er ingen ulvesau, ulveklede, klede i saueulv..

Herr Bramati

Eg veit det.

Herr Bima

Du er i sjokk! Du er heilt kvit. Kritkvit!

Herr Bramati

Nei, det er eg ikkje.

Herr Bima

For alle er snille i den vesle sauekvea til herr Bramati. Ingen tjuvar og ulvar eller tjuvar. Men det var eg som stal sukkerbitane. Eg stal sukkerbitane.

Herr Bramati

Eg skjønte det!

Herr Bima

Kvifor det? Du vil vite kvifor?

For at vi skulle svelte i hel. Sånn er eg ser du. Eg er hjartelaus.

Eg er ein nihilist er eg, fullstendig asosial. Menneskeslekta interesserer meg ikkje. Ikkje meir enn maur. Eg trakkar på oss alle i hop.

Herr Bramati

Kvifor skulle vi svelte i hel?

Herr Bima

For at vi ikkje skulle nå fram til vindauget.

Vi skulle svelte i hel der ute i korridoren, og så skulle planen gå i vasken. Og ingen ville nokon gong få vite.

Ingen ville få vite noko som helst.

Herr Bramati

Ville du verkeleg det?

Herr Bima

(Stutt pause)

Ja!

Herr Bramati

Så sit der da.

Ø

Herr Bima

(Gjesp)

(Kremt)

(Kremt, kremt)

(Grynt)

Hm!

Hm, hm!

(Snork)

Oppsan. Eg duppa visst av.

Neimen, er du her enno? Eg trudde du hadde gått din veg.

Ja, ja. Berre bli sitjande, så lenge du vil.

Ja, ja, sann.

(Host)

(Hosteanfall)

(Pause)

Herr Bramati.

Herr Bramati!

Om du ikkje rettar opp hovudet, får du innmari vondt i nakken.

Det må da vere forferdeleg utriveleg å sitje i den stillinga.

Herr Bramati. Du sit i ei ubehageleg stilling. Det gjer vondt.

Herr Bramati!

Har du lyst på ein sukkerbit? Eg har kanskje, kanskje ein sukkerbit.

Å faen i helvete. Hjelp, søster! Alarm!

Det var som berre. Han er død.

No må du skjerpe deg. Slutt med det tullet.

Herr Bramati er død.

(Fniser)

Den vesle rotta har har sete og døydd rett framfor auga på meg.

Slutt med det der. Rør litt på deg. Vær så snill. Blunk i det minste.

Søster, det er eit lik her! Det er herr Bramati. Han sit her og rotnar. Kom og ta han vekk. Han stinkar.

Ikkje ver død, Jan Ove. Ikkje ver død. Ikkje ver det.

Det var ikkje eg som tok sukkerbitane. Dei hadde berre gøymt seg! Eg sat på dei, og så gøymde dei seg. I ei opning.

Eg har ikkje stole noko som helst. Du treng ikkje straffe meg.

(Stutt pause)

Det der var ikkje naudsynt. Det var det ikkje.

Kva skal eg gjere no, hadde du tenkt? Kva hadde du tenkt? Hadde du tenkt? Meg tenkjer du ikkje på. Egoist.

(Pause)

Herr Bramati finst ikkje lenger. Eg er åleine.

Du kan vakne no.

Nei, berre sov du. Berre sov. Det er heilt greitt, det. Du har godt av det. Eg skal ordne alt her ute. Eg skal ordne alt det praktiske. Ikkje tenk på det.

No må eg gjere reisa heilt åleine.

Sit du godt? Kvil, du, så skal eg ta meg av alt saman. Eg kan vegen no: bort til døra, over dørstokken, forbi reparatøren, gjennom korridoren, fram til vindauget. Dette kan eg. Dette skal vi klare, herr Bramati. Du og eg saman. Om du vert for tung så kastar eg deg berre av.

Herr Bima ber den utmatta venen sin på ryggen gjennom øydemarka. Stolen held på å svikte under han, men han held ut.

Steg for steg sleper han seg fram mot målet.

Det er ikkje langt igjen no.

Høyrer du klokkene?

Sjå, herr Bramati. Der er vindauget. No er det ikkje mørkt. Det er ikkje natt lenger. Vi kan sjå ut.

Å

Herr Bima

Det første eg ser er vinduskarmen av skjoldut gråblank blekk med avskala brun måling og dueskitt bøygd rundt halvegs oppsmuldra betong.

Det neste eg ser er parkeringsplassen, den gråsvarte asfalten, nokre stader brote opp av flekker av lyst, grågult støv, og med kvite, halvt avslitne teikningar for personalet sine bilar.

Plassen er ramma inn av kantstein i grovhoggen granitt, ein gong støypt i hop med sement som no har losna frå steinen og liksom heng i lufta.

Utanfor kanten: gras, kratt, nesler, delvis dekka av ei skorpe grått vegstøv.

Ein stad er det hol i kanten og ein stig leier bort frå plassen, smal, brunsvart, sundskoren av blankslitne røter.

Krattet vert avløyst av skog: bjørk på mosebotn, almar, ein bøk.

Stigen, som har grave seg djupt ned i bakken, svingar seg utfor ein bratt skrent. Langs sidene ser eg raud sand som heng fast i røter og kingelvev.

Stigen løyser seg opp, i eit lite engstykke, kransa av bregner, ved noko som kan vere ein bekk eller ei lita elv.

Ved bekken, sit ein mann og to kvinner. Mellom seg har dei ei korg, halvfylt med matvarer: brød, kylling, druer, seigmenn. Eit tørkle tener som duk. Det vert halde på plass av tre steinar. Eit hjørne blafrar i vinden.

Mannen held i ein gitar. Han har nett spela. No strammar han ein streng, mens eit av kvinnfolka syng ein tone for å hjelpe han. Han har svart hår på magen, men ikkje noko på hovudet, som er raudt.

Den andre kvinna, raudblond med brei munn, held eit glas. Stetten har ramla av. Ho har ringar på fingrane, kvite shorts og ein herrehatt.

Ein måltrost, ein eller annan stad i trea, hermer røysta til ho som syng. Ei fluge landar på hovudet til mannen. Ei larve kryp målmedviten langs kanten på duken. Ein makk grev ein gang under beinet til mannen. Ein kentaur står til knes i bekken og vrinskar utfordrande. Eit barn i dongerikjole kjem springande med ein polkagris i hendene. Himmelen er gråblå mens landskapet elles er solgyllt og nyvaska. Ein regnboge er spent frå skuldra på mannen til ytterkanten av biletet. Bak eit tre står herr Bramati. Han ler.

Brått går det opp for meg at alt heng saman, at alt er eitt. Eg går tett opp til glaset og ser alt på nært hald. Eg ser korleis den same strukturen vert teken opp att: korleis alle flater er bygde opp av farga lys. Eg ser irisen i herr Bramatis auge. Han er ikkje lenger rein blå, men er sett saman av rektangulære felt av farga lys: vekslande raude, grøne og blå som regnbogen, som skogbotnen, som vinen i det øydelagte glaset, shortsen på kvinnfolket og kentauren sine hovar på elvebotnen.

Barnet sitt kne og følehorna til larva, alt er bygd opp av repeterte mønster av raudt, grønt og blått, raudt, grønt og blått.

Alt som er til.

Eg ser på herr Bramati. Auga våre møtest. Han ropar noko til meg. Leppene hans sprekk.

(Slutt)


Hjem skuespill


Bjølsen 12. januar 2004 Tord Akerbæk (tord.akerbaek@netcom.no)