04.mar.03 19:48:22 retro3.html

Han kom og gjekk

(Ei daglegstue. Ein sliten sofa og ei stålampe. Eit vindauge med utsikt mot havet og ei dør ut til ein gang. På scena ser vi Ragnhild, ei kvinne i førtiåra, ho har på seg ein turkis høghalsa genser.)

Ragnhild

Men Herregud - Arne! Er det deg. No har eg aldri. Men tenk at det er deg.

Arne

(Kommer inn frå gangen.)

Ja det er meg, Ragnhild.

Ragnhild

Men stå ikkje der i trekken. Kom inn og steng døra etter deg! Tenk at det er deg. Det hadde eg aldri. Og så kjem du hit!

Arne

Ja, her er eg. Ja, her har eg jo vore før.

Ragnhild

Du har jo det. Det har du. Det var den gongen.

Arne

Den gongen da du og Jens ...

Ragnhild

Ingvald.

Arne

Eg meiner Ingvald. Da du og Ingvald. Ja, du veit, men det der er jo ikkje noko å snakke om. Ingvald, ja? Ja, eg meinte jo å seie Ingvald. Ikkje Jens. Eg berre forsnakka meg. For hadde det vore Ingvald, da ... Eg meiner Jens. Men når det var Ingvald...

Eg høyrde jo aldri noko frå deg.

Eg meinte sjølvsagt Ingvald.

Men da...

Ragnhild

Nei.

Arne

Nei, men da...

Ragnhild

Men tenk at det er deg. Eg hadde verkeleg aldri.

Arne

Nei.

Ja, eg må nok gå. Men det var kjekt å sjå deg.

Ragnhild

Ja, du må vel gå. Men det var no kjekt å sjå deg, òg. Det hadde eg aldri.

Ja, du får ha det. Det var no kjekt å sjå deg.

(Slutt)


Sagene 31. desember 2005 Tord Akerbæk